Utstillingar om laksens liv og historie

Utstillingane fortel om Atlanterhavslaksen sitt livsløp og vandringane i havet, trugsmåla mot dei ville laksestammene, og gir innblikk i korleis mennesket har jakta på laksen opp gjennom tidene. Utstillingane er delt inn i følgjande tema:

  1. "Eventyret om Atlanterhavslaksen". Introduksjon til utstillingane

  2. Atlanterhavsområdet. Laksen sitt leveområde - utbreiing og vandringar

  3. Lakseobservatorium. "På botnen av ein høl" - laks og sjøaure frå elva

  4. Vassdraget og kraftutbygginga. Lærdalselva - lakseelv og kraftprodusent

  5. Gyrodactylus Salaris. Parasitten som drep

  6. Gytescene. Tørrakvarium som viser ei gruppe laks på gyteplassen

  7. Oppvekst i elva. Laksungar gjennom tre stadium: Yngel/parr/smolt

  8. Overleving gjennom lakselivet. Kor mange egg blir til vaksen gytelaks?

  9. Livssyklusen. Laksen er utsett for predatorar gjennom heile livet

  10. Yngelstim. Vass-sylinder med årets yngel frå klekkjeriet i Lærdal

  11. Forvaltning av laksen. Utstilling frå Direktoratet for naturforvaltning

  12. Internasjonalt samarbeid om laksen. Utstilling frå NASCO

  13. Forsking om laksen. Utstilling frå Norsk institutt for naturforsking

  14. Laksen og mennesket. Forhistoria; mytologien, lovene og naturhistoria

  15. Tradisjonelt laksefiske i elva. Gamle fangstreiskapar i elvefisket

  16. Pionerane innan sportsfiske etter laks. "Dei søkte vill natur - og laksen..."

  17. Sportsfiskeutstyret. 150 års utvikling av sneller, stenger, snører, osb....

  18. Fiskeglede. Fotografi av glade sportsfiskarar i Lærdal gjennom siste 100 år

  19. Kongen og laksen. Om Hans Majestet Kong Harald si tilknyting til Lærdal

  20. På veg heim med fangsten. Motorsykkelen eignar seg godt til transport!

  21. Lærdalselva. Kartmontasje som viser elvestrengen med namn på hølane

  22. Flugebindarverkstad. Om fjør, silke, krokar, handverk og folk....

  23. Laksefiske i Sognefjorden. Reiskap og fangstmengder i fjordfiske etter laks