Velkomen til Norsk Villakssenter

Norsk Villakssenter ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.

Ved eit besøk i senteret kan du lære meir om:

  • Den farefulle oppveksta til lakseungane
  • Kvifor laksen vandrar ut i havet
  • Korleis laksen finn attende til fødeelva
  • Kva er leveområdet til laksen
  • Kor langt ein laks kan symje på ein dag og kor snøgt han kan symje
  • Kvifor er laksen raud i kjøtet
  • Kvifor sluttar den vaksne laksen å ete når han går opp i elva for å gyte

Opningstider

Mai (pga ombygging)

Stengt 2010

1.juni tom 13. juni

10.00 - 17.00

14.juni tom 15. august

10.00 – 19.00

16.august tom 30. september

10.00 - 17.00

 

 

 

 

Vil du vite meir om stoda i Lærdalselvi, klikk her

Villaksseminaret er ein fagleg møteplass for å spreie ny kunnskap om og drøfte problemstillingar knytt til forsking, forvaltning og utnytting av laksen. Seminaret vert arrangert annakvart år.



Norsk Villakssenter er tilrettelagt slik at det er lett å ta seg fram for funksjonshemma