Publikasjonar - Villaksseminaret

Norsk Villakssenter samarbeider med styresmakter, forskingsmiljø, utdanningsinstitusjonar og interesseorganisasjonar, for å gjere senteret til eit forum for kunnskapsformidling om dei ville laksestammene. Eit element i dette er å arrangere kurs og seminar om emne knytt til villaksen.

Villaksseminaret skal i denne samanhengen vere ein fagleg møteplass for å spreie ny kunnskap om og drøfte problemstillingar knytt til forsking, forvaltning og utnytting av laksen. Seminaret vert arrangert annakvart år. Fyrste seminaret vart gjennomført i 1991. Tema for seminara har vore:
  • Reguleringar og inngrep (1991)
  • Kultivering av laksevassdrag (1993)
  • Lakseforvaltninga mot år 2000 (1995)
  • Villaksen - verdiar, truslar og tiltak (1997)
  • Villaks utan framtid? Bergar lakseutvalet sine forslag villaksen? (1999)

Alle innlegg på seminara vert samla i eit eige kompendium. Eit kompendium kostar 200.- kroner. Du kan bestille ved å vende deg til senteret.

Villaksseminaret 1999 vart arrangert 29. og 30. mai. og var knytt opp mot lakseutvalet si innstilling. Programmet finn du her.



Norsk Villakssenter har òg andre publikasjonar: