Observatorium med villaks frå Lærdalselva

 

Sjå villaksen og sjøauren i elvestraumen - under fossen i den 20 meter lange laksehølen. Så nær at du nesten kan ta på storlaksen...
 

Fiskane du ser i hølen har anten gått fritt inn frå elva opp gjennom laksetrappa, eller dei har vorte fanga og sette ut i hølen. Om våren (mai og deler av juni) ser du laks og sjøaure som har overlevd vinteren i elva. I sommar-månadene (juni, juli og august) ser du mest ny fisk som har komme inn frå vandringa i hav og fjord. Ut over hausten får fiskane gradvis gytedrakta på seg - hofisken vert mørk og hannfisken får eit raudskjær. Seint på hausten kan du oppleve å sjå korleis hofisken førebur gytinga ved å grave i elvegrusen, og korleis den dominerande hannfisken jagar vekk "konkurrentane".


  

 

 

 

Norsk Villakssenter

Lærdal - Sognefjord - Norway