Om Norsk Villakssenter Norsk Villakssenter er ei stifting
oppretta av North Atlantic Salmon Conservation Organization, Norges Jeger- og
Fiskerforbund, Norske lakseelver, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane
Reiselivsråd, De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum, Østfold Energiverk AS og Lærdal
kommune. Hovudoppgåva til Norsk Villakssenter er å formidla kunnskap om dei naturlege
føresetnadene for villaksen si utbreiing i det nordatlantiske havområdet og skildra kva
menneskeleg aktivitet som er knytt til fangst, utnytting og vern av dei ville
laksestammene. Den danske kunstnaren Svend Saabye gav
eit stort oljemåleri til senteret i 1992. Måleriet er reprodusert i 500 trykk som er
signerte av kunstnaren. Om du er oppteken av å ta vare på laksen, kan du støtte
arbeidet vårt ved å kjøpe eit trykk og bli livslang medlem i stiftelsen. Kvart trykk
vert seld for 1.000 kroner til inntekt for Norsk Villakssenter. Vil du ha det innråma er
prisen 1.500 kroner. Som medlem får du fri adgang til senteret for livstid. Trykket
er ei fin gåve til lakseinteresserte! Tinging kan gjerast pr. telefon, over fax eller via e-post |