Stoda i Lærdalselvi - Gyrodactylus Salaris
Det er ikkje noko sjølvsagt at det alltid skal finnast villaks i elvane våre. Mange laksestammer rundt det nordatlantiske havområdet er i dag utrydda av menneskeskapte inngrep på natur og miljø. I dette perspektivet kan villaksen si overleving sjåast på som eit barometer for vår eiga miljøforvaltning.

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris blei ubevisst innført til Norge ved import av levande smolt frå Sverige i 1975, og er eit av dei største trugsmåla mot dei ville laksestammene i Norge. 

Gyrodactylus høyrer til ei gruppe parasittar som finst på fisk over heile verda. Denne gruppa er også vanleg på fersk- og saltvassfiskar i Norge. Arten G. salaris lever av hud og slimceller på laksungar, og kan lage sår i fiskehuda. I ein normal situasjon har fisken eit forsvar mot dette som leger såra og regulerer mengda av parasittar - slik det skal vere i eit naturleg forhold mellom parasitt og vert. Erfaring frå dei laksevassdraga i Norge der G. salaris er innført, er at laksungar i norske elver ikkje har utvikla forsvarsmekanismar som er gode nok til å regulere forholdet sitt til parasitten. Etterkvart som mengda med parasittar aukar, blir det utvikla så store sår at dei fleste laksungane i elva døyr, og etter berre nokre fåe år er laksestamma i vassdraget trua av utrydding. G. salaris drep berre laksungar - den vaksne laksen tek ikkje skade av parasitten.

gyro - par svart kvit.JPG (12454 bytes)

Med store krokar heng lakseparasitten Gyrodactylus salaris seg fast i huda til lakseungane. Foto/copyright: Tor Atle Mo

Spreiing av parasitten
I Norge er G. salaris hovudsakleg spreidd gjennom fiskeutsetjingar som ledd i kultiveringstiltak. Den vidare spreiinga har skjedd gjennom smitteoverføring i brakkvatnet mellom elvar som renn ut i samme fjordsystem. Tre tilfelle av smitte skuldast at laksungar har rømt frå infiserte settefiskanlegg med avløp til laksevassdrag. Vi veit også at to vassdrag har fått smitta på grunn oppdrettsanlegg med regnbogeaure. Andre mulege kjelder til overføring av smitte kan t.d. vere fiskeutstyr, kanoar/flåtar eller anna reiskap som blir flytta mellom vassdrag der parasitten finst.

Når G. salaris er komme til eit nytt vassdrag skjer den vidare spreiinga frå fisk til fisk. Parasitten blir overført ved berøring mellom fisk, gjennom drift i elvestraumen - eller ved at den fell til botnen og fester seg til ein ny vert når den søkjer skjul og kvile mellom steinane på elvebotnen. G. salaris blir også overført til vaksen laks som kan transportere parasitten forbi fossar og vidare oppover i eit vassdrag.

gyro - fødsel svart kvit.JPG (8766 bytes)

Parasitten føder levande ungar som er gravide før fødselen. Formeiringsevna er enorm. I løpet av 40 dagar kan eitt individ bli til 6 millionar nye individ. Foto/copyright: Tor Atle Mo.

Rotenon - einaste kjende mottiltak
Det einaste mottiltaket vi i dag kjenner for å kunne utrydde G. salaris frå eit laksevassdrag er å drepe all smitta fisk med plantegifta rotenon. Dermed forsvinn alle potensielle vertsdyr - og parasitten har ikkje lenger mulegheit til å overleve i vassdraget. Rotenon er eit planteekstrakt som blir framstilt av røtene på tropiske vekstar av erteplantefamilien (Leguminosae).

Ei effektiv behandling krev at heile den lakseførande delen av vassdraget blir tilført rotenon i blandingsforholdet ein liter per to millionar liter vatn (1:2 000 000). Fisken døyr ved at surstoffopptaket blir blokkert. Den første behandlinga med rotenon i Norge - som hadde til formål å utrydde G. salaris - blei gjennomført i elva Vikja i Sogn og Fjordane i 1981. Behandlinga var vellukka.

Kampen mot Gyro - eit miljøpolitisk dilemma
I dei fleste tilfelle vil samfunnet vere villig til å setje mykje inn på å redde den eksisterande laksestamma, som t.d. ved å gjennomføre ei rotenonbehandling. Alternativet vil vere eit langsiktig tap av laksen som art og bortfall av aktivitet og inntekter. Dette kan gje monalege negative konsekvensar for mange bygdesamfunn der laksen speler ei viktig rolle - både som ei viktig attåtnæring i jordbruket og som ein miljøskapande faktor i lokalsamfunnet.

Bruken av plantegifta rotenon for å bli kvitt lakseparasitten G. salaris er eit omstridd tema både blant lekfolk og fagfolk. Metoden vekkjer etiske og moralske diskusjonar om i kva grad vi kan tillate oss å gjere eit slikt inngrep i naturen for å redde ein av dei eksisterande artane - laksen. Motstanden mot rotenon sørgjer for at dette miljøpolitiske dilemmaet blir halde i live.

Etter ei rotenonbehandling vil vassdraget gradvis få livet tilbake. Undersøkingar viser at faunaen av botndyr stort sett blir reetablert i løpet av 1-2 år. Så lenge ei rotenonbehandling berre drep botndyr i den nedre, lakseførande delen av elva, vil det heile tida komme driv med nye organismar ovanifrå som sørgjer for at den behandla delen av elva byggjer seg opp att relativt raskt.

Laksen i Lærdalselvi har ein normal generasjonssyklus på 6-7 år frå klekkinga skjer til fisken vender tilbake for å gyte. Fire årsklasser med laksungar vil til ein kvar tid stå i elva. Når alle desse laksungane blir drepne oppstår det eit stort "hol" i den naturlege rekrutteringskjeda. Dette fører til at elva ikkje vil ha naturleg utvandring av smolt i dei etterfølgjande 3-4 åra. Mykje av det same mønsteret gjer seg gjeldande for sjøauren i vassdraget. Ein del av denne negative effekten kan bli kompensert ved hjelp av fiskeutsetjingar. Det er vanleg at laksefisket i ei rotenonbehandla elv blir stengt i minst fem år.

Lærdalselvi vart behandla med rotenon i 1997, men parasitten vart på ny påvist i Lærdalselvi hausten 1999. Du vil likevel kunne sjå levande laks på nært hald i observatoriet på Norsk Villakssenter.

Nasjonal status
G. salaris er påvist i 40 vassdrag, og rotenonbehandling er gjennomført i 25 av desse. 16 vassdrag er erklært fri for parasitten etter behandling. 3 vassdrag, Beiarelva, Skorga og Leirelva er behandla og framleis under overvaking. Før vassdrag kan friskmeldast vert dei overvaka i minimum 5 år. Det er 5 og 6 år sidan Beiarelva respektive Skorga vart behandla, men mellombels er tal prøvar frå desse elvane for lågt til at det er godt nok statistisk grunnlag for friskmelding. Leirelva kan tidlegast friskmeldast i år 2001.

Etter behandling er smitte påvist på nytt i Skibotn, Rauma/Istra med vidare spreiing til Innfjordelva, Steinkjervassdraget med vidare spreiing til Figga, og Lærdalselvi.

Styresmaktene vurderer resultata frå rotenonbehandling mot G. salaris i norske vassdrag som så langt gode, men det er sett spørsmålsteikn ved metoden etter at ein på ny har påvist parasitten i Rauma, Steinkjervassdraget og Lærdalselvi. 

Stoda i Lærdal
Måndag 1 november 1999 kom denne meldinga frå Veterinærinstituttet:

Veterinærinstituttet Oslo har i dag gitt melding til Veterinærmyndighetene (Dyrehelsetilsynet) og Miljømyndighetene (DN) om at Gyrodactylus salaris på nytt er påvist på laksunger i Lærdalselva.

Veterinærinstituttet Oslo har undersøkt 244 laksunger fanget i Lærdalselva i perioden 11.-12.10.1999 av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Laksungene ble fanget på seks stasjoner på nåværende lakseførende strekning, dvs nedenfor Sjurhaugfoss. Gyrodactylus salaris er påvist på laksunger innsamlet på de tre nederste stasjonene. Høyest forekomst av parasitten er funnet ved stasjonen Voll bru. Den mest infiserte laksungen hadde der mer enn 300 G.
salaris.

Seinare er det tekne prøvar i ei rekke naboelvar utan at det er påvist at smitta har spreidd seg.

Styresmaktene har skissert følgjande strakstiltak:

  • Det vert sett ned ei ekspertgruppe med oppdrag å greie ut mulege årsaker til at smitta er komme tilbake. Rapport skal ligge føre innan 30. september 2000.
  • Stoppe kultiveringsutsett av laks for å redusere risiko for at parasitten spreier seg til andre vassdrag i Sognefjorden.
  • Greie ut mulege sperretiltak i nedre del av vassdraget. Fagfolk frå DN har vore på synfaring i elva.
  • Informasjonsarbeid lokalt om smitterisiko og førebyggande tiltak skal vidareførast og intensiverast.
  • Arrangere eit opent informasjonsmøte i Lærdal om status og mulege tiltak, med representantar frå fagetatar og departement til stades.
  • Arrangere eit fagmøte for å få all kunnskap om vassdraget samla som grunnlag for arbeidet framover.
  • Ei eventuell rotenonbehandling vil avhenge av svaret på punkta over. Ein konkluderer likevel med at det ikkje vil bli noko ny behandling i 2000. Dette av di det ikkje vil vere tid nok til å setje i verk naudsynte forbetringar av sjølve behandlingsmetodikken.
  • Då ein ikkje kan fjerne parasitten i 2000, vil ein også vurdere tiltak t.d. sperrer og stenging av fisketrapper, i nabovassdrag

Smittestatus i elva
Etter påvisinga er det gjort nye undersøkingar 9-10.11 1999. Parasitten har no spreidd seg til større deler av vassdraget, men enno ikkje heile lakseførande strekning. Resultatet av undersøkingane går fram av tabellen.

Stasjon

Tal laksungar fanga Tal infiserte laksungar Høgste og lågaste infeksjon blant smitta lakseungar
Øye - Bruhølen 25 6 1- >20
Hunderi - Skjersbrui 33 5 1-11
Eri - Eriskilen 30 4 2-4
Tønjum - Tønjumkvitli 33 20 1- >500
Voll - Old pastor 33 31 1- >100
Bø - Fjøshølen 36 33 1-  ca 500
Blåflat n. Lysne - bruhølen 32 30 1- >> 500
Rikheim - Båthølen 30 0 -

                                                                                                                        Tilbake til hovedside