Film om Atlanterhavslaksen sitt liv

 

Norsk Villakssenter presenterer ein 20 minutt lang film om livsløpet til Atlanterhavslaksen, sett med laksen sine auge. Filmen blir vist på storskjerm i kinosalen kvar halve time, og vekslar mellom norsk, engelsk, tysk, fransk og japansk kommentar. Filmen kan sjåast som ein introduksjon til utstillingane - eller som ein avslutning av besøket ved senteret. Filmen har vunnde fleire prisar, bl.a. kåra til årets beste presentasjonsfilm i konkurranse med 43 andre filmar i samme kategori.

 


Reklamefilm frå 1948

Reklamefilmen frå 1948 er ein fartsfylt og livleg skildring av sportsfisket i dei Norske elvene, og varer i 3,5 minutt.

 

 

Film om røyking av laks

I det gamle røykhuset syner vi ein kort stumfilm om korleis ein røyka fisk før i tida.

 

 

Dei gamle fiskebustadane

I Lordesalongen frå 1906 syner vi ein 5 minutt lang film om dei gamle Lordebustadane i Lærdal. Både fargebilete og svart/kvitt-bilete syner dei staslege bustadane til dei engelske lordane.


  

 

 

 

Norsk Villakssenter

Lærdal - Sognefjord - Norway