Gåve- og suvenirbutikk

 

Norsk Villakssenter har ein stor gåve- og suvenirbutikk med stort vareutval. Vi har lagt vekt på å framheve lokale produkt, og dei mest populære er:

  • Karakteristiske geitostkarameller frå Gram gardsysteri
  • Røykelaks i bit frå Lærdalsmat Sognefjord Gourmet
  • Lokalprodusert Balholm-jus frå Balestrand
  • Avstøypingar av Gamle Lærdalsøyri
  • Flyfotoboka "Lærdal sett ovanfrå"

 

Avstøypingar av Gamle Lærdalsøyri 

Gamle Lærdalsøyri er den eldste delen av tettstaden Lærdalsøyri, og dei 161 husa er utvendig verna. Bygningsmiljø som på Gamle Lærdalsøyri er eit særsyn på vestlandet, og krambuene (biletet) er sjølve symbolet på den gamle tettstaden.

 

Husa er dekorative, og set du inn telys får du ei stemningsfull husrekke.

For bestilling: post@norsk-villakssenter.no

 

 

 

 

 

Norsk Villakssenter

Lærdal - Sognefjord - Norway