I Lærdal er me vande med å ta i mot reisande, og me reknar oss for å vera godt vertskap. Den viktigaste og mest nytta ferdslevegen mellom Bergen og Oslo har alltid gått gjennom Lærdal. Dette vitnar i dag fire parallelle vegar frå ulike tidsepoker om. Vegen som Harald Hårfagre nytta då han drog frå Valdres til Voss, som Olav den Heilage drog på gjennom dalføret på kristningsferda si år 1023 og som kong Sverre førte birkebeinarane sine på i 1177. Frå den gong til i dag har vegen gått frå kløvsti til Europaveg.Med Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel (24,5 km) som opna i år 2000, vart kommunen på ny knutepunkt i samferdsla. Dei mange historiske vegane er i dag gode turvegar i spennande kulturlandskap.
_____________________________________________________________________
Borgund Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje ligg i Lærdal i Sogn, og er bygd
kring år 1180. Ho er svært godt bevart, og er den
mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.
Du finn Borgund Stavkyrkje 30km frå Norsk
Villakssenter. Spør i resepsjonen - vi har kart og
bussruter!
_____________________________________________________________________
Gamle Lærdalsøyri
"161 smaa hus tæt til sammen..." slik såg biskop Pontoppidan Lærdalsøyri på ei reise gjennom Lærdal i 1749. No omfattar området eit bygningsmiljø frå 1700-1800-talet med 161 verna bygningar. Eit sjeldsyn på Vestlandet! Handverksutsal, reiseminne, antikk, kafe, galleri, telemusem, postmuseum, samferdslemuseum og Lærdalsmarknaden er noko av det du finn her.
Foto: Magnhild Aspevik
_____________________________________________________________________
Turist i Lærdal
Som turist i Lærdal vil du ha stor nytte av å gå inn på nettsida til Aurland og Lærdal Reiselivslag, www.alr.no.