Norsk Villakssenter

 

Norsk Villakssenter ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.

Ved eit besøk på senteret kan du mellom anna læra om:

  • Den farefulle oppveksten til lakseungane
  • Kvifor laksen vandrar ut i havet
  • Korleis laksen finn attende til fødeelva
  • Kva som er leveområdet til laksen
  • Kor langt ein laks kan symje kvar dag, og kor snøgt han sym
  • Kvifor laksen er raud i kjøtet
  • Kvifor den vaksne laksen sluttar å ete når han går opp i elva for å gyte
  • Korleis laksen overlev dei iskalde vintrane i Lærdalselva

Biletgalleri finn du her!

Frå og med sesongen 2011 opnar Sogn Kunstsenter og Lærdal turistinformasjon i same bygget som Norsk Villakssenter. Kjøper du inngangsbillett til Norsk Villakssenter får du også inngang til Sogn Kunstsenter! Finn meir informasjon om Sogn Kunstsenter i menyen over.

  

 

 

 

 

 

 

Nyhende

 

Norsk Villakssenter er Miljøfyrtårn

Norsk Villakssenter er no Miljøfyrtårn! Vi har gjennom ein lang og god prosess forbetra våre miljøprestasjonar og miljøkunnskapar, og vi er stolte over å syne gjestene våre at vi er ei verksemd som tek ansvar for miljøet! Vi er ein attraksjon som forvaltar sårbare naturressursar, og vi ser på miljødokumentasjon som eit prov på at vi tek oppgåva vår på alvor.

Norsk Villakssenter

Lærdal - Sognefjord - Norway